Brev frå kong Filippus om at garden Asper på Follo tilhøyrer munkane på Hovedøya. Dette er det eldste brevet skrive på norrønt som finst i Riksarkivet. Det er ikkje datert, men må vere frå perioden 1207-1217, tida då Filippus var konge. NRA dipl. perg. 1207-1217.
Norsk mellomalder reknar vi gjerne frå slutten av vikingtida, med innføringa av kristendomen i fyrste halvdelen av 1000-talet, til reformasjonen i 1536.
- Som tidleg mellomalder reknar vi den korte perioden frå ca. 1050 til innbyrdeskrigane braut ut i 1130.
- Høgmellomalderen er karakterisert av tidleg statsdanning og økonomisk og kulturelt oppsving fram til svartedauden ca. 1350.
- Seinmellomalderen er prega av pestepidemiar, reduksjon i folketalet og svekkja politisk sjølvstende fram til den endelege underordninga under Danmark i 1537.
Alt som kan kaste lys over mellomalderen, er i prinsippet kjelde til mellomalderhistoria, det vere seg skriftleg materiale, arkeologiske funn, bygningar, gjenstandar, gardsnamn og andre namn – for å nemne det viktigaste.
Hovudkjeldene til mellomalderhistoria er likevel det skriftlege materialet. Viktigast er dokument (diplom), lovbøker, jordebøker og rekneskap. Men også sagahandskrift, bøker til bruk i gudstenesta (liturgiske bøker) og andre manuskript med religiøst og filosofisk innhald, utanlandske annalar (årbøker) og krøniker (historiske forteljingar) gjev kunnskap om norske tilhøve.
I menyen til venstre finn du meir informasjon om mellomalderdokumenta og deira funksjon.
