Hold down the Ctrl-key. Press + to enlarge or - to shrink. MAC users should hold the cmd-key down instead of the Ctrl-key

Tema

Arkiva kastar lys over mange interessante tema. Her har vi samla nokre av dei. Du finn omtale av kva for arkiv du kan leite i for å finne informasjon og dokumentasjon, og vi viser døme på dokument, foto og kart. Det kjem fleire tema etter kvart!

1814

I 2014 skal det feirast 200-årsjubileum for Grunnlova. Jubileet vil bli den største feiringa av Noregs grunnlov sidan 100-årsjubileet og jubileumsutstillinga i Kristiania i 1914.



Slektsgransking

Slektsgranskarane er blant våre flittigaste brukarar. I folketeljingar og manntal, kyrkjebøker, skifte og andre kjelder, kan du finne opplysningar om menneske som
levde for fleire hundre år sia.



Eigedom

Er du på jakt etter dokumentasjon om ein eigedom? Arkivverket har store mengder kjelder som ventar på den som er interessert i å undersøkje tilhøve kring ein gard eller ein bygning.



Personrelatert dokumentasjon

Riksarkivet og statsarkiva har mange arkiv som kan gi viktig informasjon personlege saker. Arkiv kan til dømes vise pensjonstrekk, erstatte  vitnemål, dokumentere biologisk opphav eller ha informasjon av ymse slag som kan nyttast til søknad om rettferdsvederlag.



Mellomalder

Omgrepet mellomalder blei skapt av italienske renessansehumanistar på 1400-talet. Namnet var mynta på det dei oppfatta som den mørke, barbariske perioden frå 500 til 1500, tida mellom antikken og renessansen.



Kart og teikningar

Arkivverket har store mengder kart og teikningar frå omkring 1650 og fram til vår tid. Dei fleste høyrer saman med anna arkivmateriale. Som oftast er karta handteikna og finst berre i eitt eksemplar. 



Fotografi

Fotografi er også arkivmateriale, og vi har mange. Statsarkivet i Stavanger har til dømes over tre millionar fotografi og dei andre statsarkiva har også rikhaldige fotosamlingar.  Riksarkivet oppbevarer om lag ein million fotografi.



Båtar og kjøyretøy

Leitar du etter informasjon om eldre båtar, eigarane deira eller passasjerar? Er du på jakt etter informasjon om gamle bilar og andre motorkjøretøy? Då kan du finne mykje interessant materiale i statsarkiva.



Andre verdskrigen

Okkupasjonsåra var hendingsrike på mange område. På desse sidene kan du lese mange artiklar, sjå på bilde og få tips om kva arkiv som finst.



Rekneskap frå fellestida med Danmark

Rekneskap er ei av dei viktigaste kjeldene til kunnskap om tilhøva i Noreg på 1600- og 1700-talet. Skattemantala med namn på gardar og brukarar er særleg etterspude, men også bøtelister og tollbøker inneheld mykje viktig informasjon.



.