Elektroniske medium har erstatta papiret på arkiva sine kjerneområde, som sakarkiv, protokollar og register. Elektronisk lagring nyttast dessutan på alle typar informasjon i form av tekst, lyd, bilde og film.
Det kan vera ei stor utfordring å få teke vare på elektronisk arkivmateriale som ikkje er basert på godkjente standardar. Private arkivskaparar nyttar svært ofte individuelle elektroniske løysingar, som for eksempel når
- verksemda lagrar elektronisk informasjon i form av frittståande elektroniske dokument eller filer i ein vanlig katalog- og filstruktur . Denne typen filer vil veldig ofte vera bevaringsverdige.
- saker blir behandla i sin heilskap på e-post utan at handlingane blir dokumenterte i eit arkiv. E-postsystem kan dermed innehalde informasjon og dokumentasjon som ikkje finst andre stader, og kan i realiteten ofte vera det viktigaste arkivsystemet.
- mange private arkivskaparar lagrar informasjon i databasar , som kan vera alt frå enkle register til fagsystem med avansert forretningslogikk. Eit fagsystem kan vera eit spesialsystem som er laga for å løyse ei bestemt arbeidsoppgåve hos ein arkivskapar, eller eit standardsystem som brukast av mange arkivskaparar, som for eksempel rekneskaps- eller lønnssystem.
Private aktørar nyttar i høg grad sak- og arkivsystem som ikkje følgjer Noark-standarden . I møte med arkivskaparar har vi tilrådd løysingar for arkivdanning som gjer avlevering og bevaring mogleg. Riksarkivet vil i tida som kjem samarbeide med andre bevaringsmiljø og arkivskaparar om løysingar for digital arkivdanning i privat sektor.
