Kva er arkivforskriften?
Forskrift om offentlege arkiv av 11. desember 1998 nr. 1193 (arkivforskrifta) er gitt med heimel i arkivlova § 12. Forskrifta er eit omfattande dokument som regulerer dei fleste sider ved arkivfunksjonen i offentleg forvaltning. Graden av detaljering er likevel forskjellig frå tema til tema. Når det gjeld arkivrutinar, gir forskrifta nokså detaljerte føresegner. I andre tilfelle, for eksempel om kassasjon, er det overlate til Riksarkivaren å ta stilling til korleis detaljane skal utformast.
Kvifor har arkivforskrifta ulik detaljering?
Tanken er at forhold som gjeld bevaring og arkivmessig ansvar/forsvarlighet kan overlatast til Riksarkivaren si faglege vurdering, mens føresegner som grip direkte inn i forvaltninga sine administrative system og rutinar, skal vere gitt av Kongen i statsråd.
