Kva er Noark?

Noark er ei forkorting for Norsk arkivstandard. Noark blei utarbeidd som ein kravspesifikasjon for elektroniske journalsystem i statsforvaltninga i 1984 av Statens rasjonaliseringsdirektorat (Statskonsult) i samarbeid med Riksarkivaren, og den etablerte seg raskt som de facto standard.

Også den andre versjonen av Noark, som kom ut i 1987, blei utforma som ledd i eit prosjektsamarbeid med Riksarkivaren. I 1990 blei ansvaret for å forvalte og føre standarden vidare overført frå Statskonsult til Riksarkivaren

I 1994 kom Noark-3 på trykk. I 1999 blei den avløyst av Noark-4. Noark-4 fører også spesifikasjonane i Koark vidare. Koark er den tilsvarande standard for kommunal og fylkeskommunal forvaltning. I 1995 blei det utgejve ein versjon med tillegg for kommunal sakshandsaming: Koark (gjerne kalla kommuneNoark ). Denne blei utvikla i samarbeid med Kommunenes sentralforbund og følgjer i alt vesentleg prinsippa i Noark-standarden, men har ein del tilleggsfunksjonar som er spesielt tilpassa saksgangen i kommunar og fylkeskommunar.

Medan dei første versjonane av NOARK-standarden berre omfatta sjølve journalføringa, la Noark-4 grunnlaget for en fullelektronisk sakshandsaming og arkivering i offentleg forvaltning

Noark 5 er gjeldande standard i dag. Vidareutviklinga har omfatta dels modernisering i tråd med den teknologiske utviklinga, dels utvidingar i systema sitt informasjonsinnhald og funksjonalitet.

Kvifor bruke Noark?

Noark er både ein felles standard for offentleg forvaltning og eit hjelpemiddel for å auka samhandlinga mellom system og organ. Eit avleveringsuttrekk laga etter Noark 5 er eigna til langtidslagring. Private verksemder vil også ha nytte av Noark.

Korleis ta i bruk Noark?

For å ta i bruk eit Noark-godkjent system kan ein bruka eit av dei godkjende systema som er lista på våre nettsider. Det er også mogeleg å utvikle sitt eige system og søkje om å få det godkjent av Riksarkivaren.

Kjekt å vite

Ingen er pålagd å nytte den siste Noark-versjonen, men det er ein risiko for at leverandørane vil slutte å levere tenester knytte til eldre versjonar.

Lovheimel

Arkivforskrifta §2-9 seier at offentlege organ normalt skal bruke eit Noark-godkjent system ved elektronisk journalføring og arkivering.