Godkjenning av avleveringsliste
Riksarkivet eller det aktuelle statsarkivet skal godkjenne avleveringslista før sjølve avleveringa kan skje. Arkivdepota kan ha ulik praksis – kontakt det aktuelle arkivdepotet.
Innhald og struktur
I avleveringslista skal arkiveiningane førast opp på ein strukturert måte som tilsvarer ulike felt i Asta. Dette inneber ei hierarkisk inndeling av arkivet i seriar, stykke og mapper, der seriane blir ført opp i samsvar med allment arkivskjema.
Kvar serie består av arkivstykke som blir nummererte kontinuerleg innanfor arkivet, eller innanfor kvar serie.
Dersom eit arkivstykke inneheld fleire mapper, skal desse nummererast innanfor stykka.
Dersom arkivstykke er nedste nivå (altså utan mapper el. dokument) blir melde stykketekst og tidsperiode (dd.mm.åååå), og evt. arkivkode og merknad.
Dersom eit arkivstykke inneheld mapper, blir mappetekst og tidsperiode (dd.mm.åååå) for kvar mappe, evt. arkivkode og merknad.
Klausulering og avgradering
Materialet skal vurderast med tanke på kva saker som skal vere unnateke frå offentleg innsyn (klausulerast) i samsvar med føresegnene i forvaltningslova eller føresegner i anna lovverk, for eksempel statistikklova.
Eventuelle klausuleringar skal avmerkast på avleveringslista. Det skal oppgis kva paragraf som er brukt som heimel for klausuleringa.
Klausulering skal skje på relevant nivå. For eksempel vil klausulering på arkivnivå gjelde heile arkivet, mens klausulering på serienivå vil gjelde heile serien.
Dokument skal normalt avgraderast før dei blir avleverte. Avgradering kan berre gjerast av det organet som har gradert dokumentet.
Avlevering
Avlevering kan skje på to måter:
