Kan ein makulere pasientjournalar som er skanna til EPJ-system?
Ifølgje Riksarkivaren si forskrift kapittel IX § 1-3, kan papirversjonen av dokumenta kasserast når dokument på papir blir skanna og arkiverte elektronisk i tråd med føresegnene i dette kapittelet i forskrifta. For dokument som ikkje er underlagde journalføringsplikt, kan ein nytte system som ikkje følgjer Noark- standard, jf. §2-3.
Statlege sjukehus som nyttar eit EPJ-system for pasientarkivet sitt, oppfyller Riksarkivaren sitt krav til elektronisk lagring. Frå innføringsdatoen blir dermed dei elektroniske dokumenta rekna som originalar, og papirversjonane arbeidskopiar som kan makulerast.
Det kan etter søknad også gis løyve til at eldre pasientjournalar som blir etterskanna/importerte frå andre system og underlagde EPJ-systemet si styring og kontroll, kan makulerast. Gode rutinar og prosedyrar gjeld som vilkår.
