Rettleiing i utfylling av Skjema for innmelding av elektroniske system. Innmeldinga skal omfatte system med bevaringsverdig eller bevaringsaktuell arkivinformasjon som blir arkivert elektronisk. System for økonomiforvaltning og andre system for internadministrative formål skal ikkje meldast inn.
Det skal fyllast ut eitt skjema pr. system.
Spesielt om punkt 3a og 3b i skjemaet
Statlege organ skal innrapportere både reine journalsystem (medrekna typegodkjente Noark-system) og andre spesialiserte system (ofte kalla fagsystem) som arkiverer saksdokument elektronisk. Spesialiserte fagsystem kan ha integrerte journalfunksjonar. 3a skal svarast med "ja" både når det gjeld eit reint journalsystem og når det gjeld eit anna system med integrert journal. Kommunale og interkommunale organ skal berre innrapportere system med elektronisk sakarkiv.
I punkt 3b blir det spurt om systemet oppfyller Noark sine O2-krav. O2 er nemninga på dei spesifiserte krava til elektronisk sakarkiv i Noark-4, kapittel 5. Spørsmålet som blir stilt, er om systemet – dersom det har journalfunksjonar – handterer elektroniske saksdokument i samsvar med krava til elektronisk arkivering i Noark-4, kapittel 5.
Raud stjerne i skjemaet
Nokre sentrale felt i skjemaet er obligatoriske. Dei er merkte med raud stjerne. Det vil ikkje vere mogeleg å sende inn skjemaet dersom eitt eller fleire av desse felta ikkje er utfylt. Ved forsøk på innsending vil brukaren få melding om kva felt som må fyllast ut.
