Alle offentlege organ som skal arkivere saksdokument i eit system som ikkje er Noark-godkjent skal melde frå til Arkivverket. Riksarkivaren kan krevje å teste systemet, og dersom det ikkje blir godkjent kan organet bli pålagt å arkivere dokumenta på papir. Statlege organ skal i tillegg melde  frå når det blir teke i bruk eit Noark-godkjent system for elektronisk arkivering.

Arkivnøklar skal også innrapporterast til Arkivverket.

Kvifor skal ein innrapportere?

Det er berre tillate å arkivere saksdokument elektronisk dersom ein nyttar system som er godkjente etter Noark-standarden eller som har fått individuell godkjenning. Å kassere papirversjonar av arkivdokument utan ei slik godkjenning, er å sjå på som uheimla, ulovleg kassasjon.

For at Arkivverket skal kunne føre kontroll og tilsyn med arkivdanninga må offentlege verksemder informere om dei arkivsystema som er i bruk.

Kjekt å vite

Ved innmelding av eit statleg fagsystem vil Riksarkivet følgje opp med ei bevaringsvurdering av materialet og ei oppfordring til å lage ein bevarings- og kassasjonsplan for heile organet.

Lovheimel

Riksarkivaren si forskrift kapittel IX.

§ 1-3 seier at papiroriginalar kan kasserast etter skanning når elektronisk arkivering er i tråd med føresegnene i resten av kapittelet.
§ 4-1 seier at offentlege organ skal melde inn system som ikkje er Noark-godkjente.
§ 4-2 seier at statlege organ også skal melde inn Noark-system.