I Digitalarkivet er vi særs glad i debattforaa og at der er så mange flinke deltakarar. Spørsmål kan leggjast ut i eit opent fora kor veldig mange båe les og svarar. Mange av dei svara som blir gitt kan vere til nytte for andre og. Forumet blir såleis ein unik kunnskapsbase som alle er tent med.

Diskusjonane er fordelt over ulike fora:

Oversikt over tilgjengelege fora for Digitalarkivet

Brukaranes eige forum  er ein plass kor du kan legge fram spørsmål til andre brukarar i Digitalarkivet. Til dømes kan det vere spørsmål knytt til andre kjelder enn dei som er i Digitalarkivet, etterlysning av personar (ikkje levande), lokalhistorie, gardshistorie, gamle tradisjonar og liknande. Digitalarkivet tar ikkje på seg å svare på spørsmål i dette forumet då det er brukaranes eige forum, sjølv om ein nokon gangar vil finne svar frå nokon i Digitalarkivet eller Arkivverket.  Det er ikkje lov å legge ut opplysingar om levande personar utan deira samtykke. Ein skal heller ikkje etterlyse levande personar. Når ein etterlysar personar er det et føremon å ha namn, prestegjeld/kommune eller anna nyttig avgrensing, i emneoverskrifta. Gå til forumet

Tyding av skanna kjelder   er for å be om hjelp til vanskelig handskrift i dei skanna kjeldane i Digitalarkivet. Det vil i hovudsak vere brukarar som hjelper brukarar. Legg ved lenke til den aktuelle sida som skal tydes, med tilvisning til linjenr/løpenr, så blir det lettare å finne fram for dei som vil hjelpe. Gå til forumet

Kjelderegistrering  er for dei som registrerar kjelder. Her kan ein veksle erfaringar og stille spørsmål til båe Digitalarkivet og andre brukarar. Spørsmål om Kyrre (Standard for registrering av kyrkjebøker i Noreg) kan og stillast i dette forumet, mens vi ber om at konkrete forslag til endringar i standarden sendes til Digitalarkivet på e-post (digitalarkivet@arkivverket.no). Gå til forumet

Spør Digitalarkivet  er forumet for å komme i kontakt med Digitalarkivet. Forumet er delt i fleire undergrupper og blir betent av forskjellige tilsette i Arkivverket. Spørsmål om skannet materiale  tar for seg tenestene for skanna kyrkjebøker, skifter, pantebøker, tingbøker mm. Her er det i hovudsak Seksjon for digitalisering og konservering i Riksarkivet som er ansvarlig for å svare. Seksjonen svarer på spørsmål og kommentarar knytt til det skanna materialet, og dei har ikkje detaljoversikt over kva som finnes av originalt materiale i Statsarkiva. Spørsmål om transkriberte materiale  tar for seg databasane og avskriftene i Digitalarkivet. Under Andre spørsmål til Digitalarkivet  kan en spørje og kommentere alt anna som har med Digitalarkivet å gjere. Dei to sistnemnde fora blir i hovudsak betent av Digitalarkivets stab i Bergen. Gå til oversikt over foraene