Grensene for prestegjeld og sokn har endra seg gjennom tidene. Det er nyttig å setje seg inn i korleis grensene har endra seg. Då er det enklere å finne ut kva for kyrkjebøker ein skal leite i.

Arkivverket hadde ein soknehistorikk på sine gamle websider. Denne var eigenleg eit omarbeida oversyn over kyrkjebøker på mikrofilm. Denne historikken har vorte omarbeida på ny og er no lagt ut. Historikkane er oppdatert fram til byrjinga av 1900-talet.

I framtida vil kyrkjebøker bli digitalisert og publisert i Digitalarkivet utan at dei blir mikrofilma først. Soknehistorikken vil ikkje bli oppdatert med dei nye kyrkjebøkene. Innan 2014 er det nemleg eit mål at alle arkiv skal vere skildra i Arkivportalen.