Vitnemål frå høgskuler

Spesielt i samband med den store omorganiseringa av høgskulesystemet på byrjinga av 1990-talet blei arkivmateriale frå mange høgskular avlevert til dei respektive statsarkiv.

Offentleg godkjenning og autorisasjon

Dokument som vedrører offentleg godkjenning, autorisasjon og løyve for helsepersonell, politi og advokatar kan finnast i Riksarkivet.

Fagbrev

Reiselivsdirektoratet (inntil 1978: Hotell- og turistdirektoratet) hadde i tida 1955-1982 ansvaret for godkjenning og utsteding av hotell-, kokke-, restaurant- og serveringsfagbrev.

I 1983 blei direktoratet omgjort til ein seksjon i Samferdselsdepartementet, og direktoratets arkiv blei avlevert til Riksarkivet. Du finn derfor dokumentasjonen for utsteding av dei aktuelle fagbreva i Riksarkivet.

Svenneprøvar

Ein del statsarkiv har gjennom avleveringer frå politiet motteke svenneprøveprotokollar for dei fleste fag frå perioden ca. 1920-1980. Ved å kontakte det aktuelle statsarkiv kan ein få opplysningar frå den aktuelle protokollen som grunnlag for utsteding av nytt fagbrev.