Lebensbornarkivet
I Lebensbornarkivet finst det ein serie registerkort på mors namn og ein annan på tysk fars namn. Protokollar kan gje fleire opplysningar. I Riksarkivet finst også dei tyske saksmappene for saker som av ulike grunnar blei lagt bort under krigen. Det kunne skuldast at foreldra gifta seg under krigen, at barnet blei adoptert bort, eller anna.
Statsarkiva har også seriar med saksmapper på enkeltbarn fra Lebensbornarkivet. Grunnen til dette er at dei fleste saksmappene i 1950 blei tekne ut av det sentrale Lebensbornarkivet og sende til dei aktuelle fylkesmennene. Nå har de fleste fylkesmennene avlevert desse arkivseriane til statsarkiva. Dei andre fylkesmennene oppbevarer framleis desse seriane. Riksarkivet kan gi råd om andre som har opplysningar, for eksempel eit fylkesmannskontor eller ein kommunal bidragsfogd.
Arkiv frå etterkrigstida
Riksarkivet oppbevarer også arkivmateriale frå styresmaktene sitt arbeid med krigsbarnsaker i etterkrigstida, blant anna etter arbeidet med oppsporing av krigsbarn som under krigen blei sende til Tyskland.
Opplysningar om farskap er såpass personømfintleg at det blir stilt visse krav for å få ut opplysningar.
Sjå korleis du får tilgang til opplysningar som det gjeld teieplikt for.
Hjelp til å finne opplysningar
Du kan også få hjelp til å finne fram til opplysningar ved å kontakte Noregs Røde Kors. Ved å skrive under på ein fullmakt, kan du overlate til Noregs Røde Kors å samle inn opplysningar frå norske arkiv. Dessutan kan Røde Kors, om ønskeleg, forsøke å spore opp fedre eller øvrig familie i Tyskland/Østerrike.
