Kven kan gi opplysningar?

I følgje adopsjonslova av 28/2 1986 er det berre fylkesmannen eller departementet som har lov til å gi eit adoptert barn opplysningar om biologiske foreldre. Dersom ein person som er adoptert ønsker opplysningar om biologiske foreldre, må departementet eller fylkesmannen som i sin tid ga løyve til adopsjonen, kontaktas.

Det var i hovudsak Justisdepartementet som ga løyve til adopsjon i åra 1917-1933, deretter fylkesmennene. Det aktuelle departementet eller fylkesmannen kan ha avlevert  arkivmateriale enten til Riksarkivet eller næraste statsarkiv. Dei vil skaffe fram relevante opplysningar som kan finnast hos Riksarkivet eller statsarkivet og gi dei vidare.

Det sentrale adopsjonsregisteret

Alle adopsjoner tilbake til 1917 er registrerte i Det sentrale adopsjonsregisteret. Dette registeret er i dag ved Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet  (Bufetat), tidlegare Statens ungdoms- og adopsjonskontor. Ved å kontakte dei kan ein få ytterlegare informasjon:

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Postadresse: Postboks 8113 Dep, 0032 Oslo
Besøksadresse: Universitetsgaten 7, Oslo
Telefon: 46 61 50 00
Faks: 22 98 01 06
E-post: post@bufdir.no