Offentliglova inneheld føresegner som gir høve til å unnta frå offentligheit opplysningar som gjeld utenrikssaker og forsvars- og sikkerheitssaker (§ 20 og 21).
Den styresmakt som utstedar eit slikt dokument, gir beskjed om at dette skal unntas frå offentlegheit ved å påføre dokumentet ei graderingsnemning. Hvilke nemninger som kan brukast dersom det gjeld rikets sikkerheit, er omtalt i sikkerheitslova og varierer fra Begrensa til Strengt hemmeleg. Det er berre det organ som har gradert dokumentet, dvs. påført slik nemning, som kan oppheve graderinger eller sette graderinga på eit lavere nivå.
I følgje sikkerheitslova opphører slik gradering automatisk etter 30 år, dersom det ikkje er uttrykkelig bestemt at det er nødvendig med gradering for lengre tid. Sjølv om eit dokuments gradering etter sikkerheitslova opphører, kan det innehalde opplysningar som er underlagde teieplikt etter dei vanlege reglane i forvaltningslova.
