Føresegner om teieplikt i lovverket

I offentleglova er det gitt uttrykkelig føresegn om at opplysningar som er underlagde teieplikt etter andre lover, skal være unntatt frå offentligheit (§ 13). I forvaltningslova er føresegnene om teieplikt samla i ein egen paragraf om dette (§ 13), samt i Forskrift nr.1456 av 15.12.2006 (forvaltningslovforskrifta). Disse føresegnene gjeld også for Arkivverket.

I tillegg er det i enkelte særlover gitt spesielle føresegner om teieplikt. Statistikklova er ein slik lov. Arkivverket oppbevarer også opplysningar som er gradert etter sikkerhetsinstruksen .

Hva innebærer føresegnene i praksis?

Føresegna om teieplikt i denne samaheng gjeld personlege forhold og forretningshemmeligheiter. Av og til må det utøvast skjønn når ein skal avgjere kva som faktisk er teiepliktig og kva som ikkje er det.

Retningsgivande for personlege forhold er at det er slike opplysningar som det er vanleg å ville halde for seg sjølve: helseforhold, politisk haldning, personleg økonomi, straffbare forhold, familierettslege forhold osv. For forretningsmessige opplysningar vil gjelde at det må vere slike opplysningar som andre kan utnytte i si næringsverksemd.

Det er satt ulike sperrefrister  på opplysningar underlagd teieplikt, avhengig av opplysningens art og hvilke lovreglar som gjeld.

Privatarkiv  inneheld også opplysningar som er underlagd teieplikt i henhold til lovgivinga. I tillegg står private arkivskaparar fritt til å setje vilkår for innsyn.