Landssvikarkivet
De 1200 hyllemeterane er ei samling av dei rettsdokument som oppsto ved alle landets politikamre i samband med politietterforskninga og rettsforfølgjinga av dei nordmenn som var mistenkt for å ha støtta okkupasjonsmakta 1940-1945.
Landssviksakene har nå passert 60 år, som normalt er sperrefrist for opplysningar underlagd teieplikt.
Men det er stor variasjon i alder innafor denne gruppa av saker. Nokre av personane fikk strenge dommar for alvorlege forhold, andre fikk mindre bøter eller påtaleunnlatingar. Nokre av sakene blei også tilført dokument og opplysningar heilt opp til 1954, i nokre få tilfeller enda lenger fram (benådning, inndriving eller ettergiving av bot/inndragning, søknad om gjenopptaking).
For meir informasjon om landssvikoppgjeret og arkivet, sjå artikkel i Arkivmagasinet nr. 03/09 .
Teieplikta
Opplysning om at ein person har vore mistenkt, tiltalt eller dømt for eit straffbart forhold er ein opplysning underlagd teieplikt etter vanlige reglar. Saka kan i tillegg innehalde spesielt sensitive opplysningar om straff, tortur, andre kriminelle forhold eller familie- og helseforhold. Riksarkivaren har høve til å forlengje teieplikta for landssviksaker ut over 60 år, med heimel i forskrift nr.1456 av 15.12.2006 (forvaltningslovforskrifta).
Riksarkivaren har beslutta at sakene av praktiske grunnar inntil vidare må behandlast som ein heilskap. Det medfører at dei framleis berre vil vere tilgjengelege etter særskilt søknad. Kvar gong nokon søker om å få sjå ei landssviksak, gjer vi derfor ei vurdering av saka, med 3 moglege utfall:
- Alle saksopplysningar har passert sperrefrista på 60 år, og er av ein slik art at saka erklærast fritt tilgjengeleg
- Det finnast saksopplysningar som ikkje har passert sperrefrista på 60 år, saka er derfor ikkje fritt tilgjengeleg før dette skjer
- Saka inneheld opplysningar av ein slik art at Riksarkivaren forlenger teieplikta
Innsyn i landssviksaker
Alle som ønsker innsyn må sende skriftleg og signert søknad om dette til Riksarkivet. Søknaden må vere konkret og gjelde sak på ein eller fleire namngitte personar.
Personar som blei dømt eller som fikk sine forhold etterforska etter krigen, har rett til partsinnsyn i eiga sak. Les meir om korleis du søker partsinnsyn .
Riksarkivaren kan innvilge innsyn i landssviksaker til forskningsformål, med heimel i forvaltningslova § 13 d. Les meir om kven som kan søke om innsyn for forskningsføremål, og korleis ein går fram .
