Opplysningar underlagd teieplikt kan under gitte føresetnader brukast for forskningsføremål, jf. forvaltningslova § 13 d.
I motsetning til det som gjeld for partsinnsyn, vil det i saker som gjeld innsyn for forskningsføremål, aldri vere slik at forskaren har krav på innsyn. Før det fattast vedtak om innsyn i opplysningar underlagd teieplikt, er Riksarkivaren forplikta til å vurdere fleire forhold:
- om det dreier seg om forskning i vanleg forstand av ordet, med dei føringer som ligger i forarbeider til forvaltningslova med forskrifter
- om den forskningsmessige hensikta med bruken av materialet tilseier at det kan gis innsyn
- om den som søkjer slikt innsyn, har fagleg kompetanse til å fullføre eit forskningsprosjekt. Eit hovudkrav er at ein må inneha ein vitskapeleg stilling innan relevant fagfelt, eller være vidarekomen student under rettleiing av person i vitskapeleg stilling. Dette betyr for eksempel at vanleg journalistisk verksemd ikkje gir grunnlag for innsyn
- om det kan vere til uforholdsmessig ulempe for andre interesser om det gis innsyn. Vil det kunne vere ein påkjenning for dei det gjeld om dei får kjennskap til at forskaren har fått sjå slike opplysningar om dei?
Sjå her for informasjon om korleis du søker innsyn for forskningsføremål .
