Søknader og førespurnader om innsyn i opplysningar underlagd teieplikt må vere skriftlege og signerte. Sidan materialet er sensitivt, må bruk av e-post eller fax unngås. I søknaden må det angis så nøyaktig som mogleg kva du søkjer innsyn i, kvifor du ønsker å sjå opplysningane, og gjere rede for bruken av opplysningane.
Søknaden sendast til det arkiv som oppbevarer materialet.
Det kan lønne seg å ta kontakt på førehand for å sikre at søknaden inneheld alle relevante opplysningar. Det forenklar behandlinga av søknaden.
På disse sidene kan du lese meir om korleis du søkjer om partsinnsyn eller innsyn for forskningsføremål i materiale underlagd teieplikt. I tillegg informerer vi om åtgangen til å klage på avslag .
