Tyrihanskiosk, Bragernes torg i Drammen, fotograf ukjend. PA-1522 Narvesen .Gamle kiosker fra hele Norge, Ud_120.

Tyrihanskiosk, Bragernes torg i Drammen, fotograf ukjend. PA-1522 Narvesen .Gamle kiosker fra hele Norge, Ud_120.


Arkivet etter Narvesen blei gitt som gåve til Riksarkivet hausten 2009. Det er eit innhaldsrikt privatarkiv som fortel om utviklinga både i samfunnet og i verksemda Narvesen frå 1894 til slutten av 1990-talet. Det er mellom anna korrespondanse frå ulike forlag, utanlandske og norske aviser, kjende personar, NSB med meir. Vidare er det kioskteikningar, eigenproduserte trykksaker, presseklipp og ikkje minst eit rikhaldig fotoarkiv. Dei eldste fotografia er knytta til forlagsverksemda og er på over 2000 postkort, om lag 800 originalar til postkorta og meir enn 300 fotografi som blei nytta i dei såkalla norgeshefta på begynnelsen av 1900-talet.



.