Fem dagar etter ulukka, 20. januar, var det gravferd i Loen kyrkje for dei sju som til då var funne. Nokre dagar seinare døydde Brite A. Bødal av lungebetennelse. Den hadde ho pådrege seg då ho låg i den kalde issørpa. Først 28. april flaut Anne L. Nesdal opp og vart funne i Trossivika.
I kyrkjeboka finn ein namna på dei døde.
For desse ni og dei 52 andre vart det reist ein fem meter høg minnestein på Nesodden. Den fekk stå i vel 31 år, før den neste store bølgja rykka den opp med heile fundamentet og kasta den i vatnet.
Våren 1905 starta gjenoppbygginga. Då som no vart det sett i gang innsamling til dei skadelidne. I følgje Anders E. Bødal kom det inn 27.000 kroner.
Både i Bødal og Ytre Nesdal vart dei nye husa flytta lengre opp frå vatnet. Rett nok sa geologane at det ikkje ville koma fleire ras frå Ramnefjellet. Men allereie i 1906 raste det såpass at følgjene vaska over dei gamle hustuftene. Derfor tok folket ingen sjansar.
Åra som følgde vart ei blomstringstid både i Nesdal og Bødal. Området var flatt med godt åkerland mellom fjella. I tillegg auka turisttrafikken i dalen. Fleire nye båtar vart kjøpt inn, og mange turistar ville også innover for å sjå restane av dampbåten ”Lodalen”.