Brevet er utforma som ein kirograf. To identiske tekstar er skrivne på eit pergamentblad. Mellom tekstane er det skrive Chirographus og arket er klip i to slik at kvar av partane fekk sin del.
Dette var ein av to måtar ein kunne vise at brev var ekte på. Den andre måten var å forsegle brevet. Denne kirografen er for sikkerheits skuld også forsegla med biskopens og domkapitlets segl. Den halvdelen av kirografen vi viser her har tilhøyrt stavangerbispen. Den havna i København på 1700-talet og blei avlevert til Riksarkivet i 1937.