Proventbrevet inneheld detaljerte opplysningar om kor mykje Gunvor skal betale og dei gjenytingane ho skal ha.
Som betaling gir ho Stavanger domkyrkje jordeigedom til ein verdi av 120-130 fullverdige kyr (tilsvarande ca 9 kg sølv) som skal gi eigaren ei årleg avkastning på 740 kg korn og 165 kg smør.
Til gjengjeld skal Gudrun ha eige husvære i bispegarden, mat av beste kvalitet og 2,7 l øl til maten kvar dag. Ho skal vere med på festlege samkomer og tilstellingar av ymse slag og ha ekstraforpleiing både med mat og øl. På visse festdagar skal ho ha rett til hjelp av personleg tenestekone.