Innføring i slektsgransking
På heimesidene våre finn du eigne temasider om slektsgransking , der vi fortel litt om framgangsmåten i slektsgransking, litt om dei viktigaste kjeldene, og dessutan litt praktiske tips og råd.
Det blir arrangert kurs i slektsgransking, og det er utgjeve fleire bøkar om emnet. Vi har samla nokre lenkjer til aktuelle nettstader som gjev informasjon om slektsgransking.
Kor er kjeldene?
Dei mest sentrale kjeldeseriane i slektsgranskinga er gjort tilgjengeleg i søkbar form på internett. På Digitalarkivet finst folketeljingar, emigrantlister, kyrkjebøker, tinglysings- og skiftearkiv og mykje meir, anten i skanna eller transkribert form. Her kan ein sitja heime og finne svært mykje informasjon. Tenesta er gratis.
Ein god del viktig kjeldemateriale er framleis tilgjengeleg berre på lesesalane våre, anten på mikrofilm eller mikrokort, eller som originalt arkivmateriale. Men i løpet av dei næraste åra vil fleire og fleire kjelder bli skanna og finne vegen til Digitalarkivet.
Vêr oppmerksam på at arkiv som er aktuelle for slektsgranskarar ofte inneheld personsensitive opplysningar. Arkiva har difor sperrefristar frå 60 til 100 år, avhengig av opplysninganes art. Som student eller forskar kan du søkja om tilgjenge til opplysningar underlagde teieplikt. Les meir om opplysningar underlagde teieplikt, og vilkåra for å søkja om innsyn. Les meir om opplysningar underlagde teieplikt, og vilkåra for å søkja om innsyn.
