Finne rett arkivskapar
Det er naudsynt å vita kva for ein eller kva for arkivskaparar som har vore involvert i den saka du vil undersøkja. Arkiv er ikkje systematisert etter emne og personar, slik som bøkane i eit bibliotek. Eit direkte søk i vår nettkatalog på til dømes ein person eller eit gardsnamn vil sjeldan gje utfyllande resultat. Er ein usikker på kven som er aktuelle arkivskaparar, kan ein undersøkja i til dømes:
- Håndbok for Riksarkivet
- Håndbok for brukarar av statsarkiva
- Håndbøker for lokalhistorikarar og slektsforskarar
- Statskalenderen
- Historia om det norske regjeringsapparatet bind I-IV i Riksarkivaren sin skriftserie
- Andre administrasjons- og forvaltningshistoriske oversyn
Søk i katalogane
Når du veit kva for ein arkivskapar som er aktuell for deg, er det tid for å gå til dei aktuelle arkivkatalogane og gjere deg kjend med desse. Ein arkivkatalog inneheld oversikt over alle arkivstykke i arkivet, og kor dei er plassert i magasina våre. Han inneheld òg eintadministrasjonshistorisk oversyn og ei omtale av dei ulike seriane. Katalogane er tilgjengeleg på følgjande stader:
- Arkivportalen . Her finn du mange av Arkivverkets arkivkatalogar i søkbar form
- Fysiske katalogar. I dei ulike arkivinstitusjonanes veiledningsareal er det oppstilt papirkatalogar for dei arkiva institusjonen tek vare på.
Bestille arkivsaker
Når du har funne dei arkivsakene du ynskjer å undersøkja, kan du bestille desse til bruk på lesesalen. Personalet i våre veiledningsskranker kan hjelpe deg med dette. Det er òg mogleg å bestille materiale til bruk på lesesalane via telefon og e-post. Du må då ha fullstendige arkivreferansar.
Bruk av arkivsaker
Arkivsakane er unike, og ofte i eit skjør tilstand. Materialet skal difor handsamast med varsemd og respekt, og det er strenge reglar for bruken. Sett av godt med tid til arkivgranskinga.
Kan vi hjelpe deg?
Personalet i arkiva våre er alltid reie til å svare på spørsmåla dine. Vi kan hjelpe deg med å finne relevant materiale, og å kome i gang med arbeidet. Vi kan kontaktast over skranken, eller via brev, e-post og telefon. Men vêr oppmerksam på at vi i dei fleste tilfella ikkje har høve til å gjere sjølve arkivundersøkjinga for deg, den må du utføre sjølv på lesesalen. Vi må avgrense oss til å finne enkelte opplysningar som ikkje krevar særleg letearbeid. Les meir om førespurnader til Arkivverket her.
