Riksarkivets ansvarsområde
Riksarkivet har ansvaret for arkiva etter den statlege sentraladministrasjonen, altså departement, direktorat og andre sentraladministrative organ, og i tillegg arkiva etter Høgsterett. I Riksarkivet finn du også viktige arkiv etter privatpersonar og private verksemder og organisasjonar. Riksarkivet blei oppretta i 1817.
Riksarkivet er organisert i fem avdelingar:
- Bevarings- og tilsynsavdelinga
- Depotavdelinga
- Publikumsavdelinga
- Administrasjonsavdelinga
- It-avdelinga
Riksarkivar Ivar Fonnes er leiar for Riksarkivet.
Du er velkommen som gjest
Riksarkivet stiller arkivmaterialet til disposisjon for publikum på lesesalen, som er open måndag-fredag heile året og laurdag heile skuleåret. Du er velkommen som lesesalsgjest, for å sjå utstillingane vår i Skattkammeret eller for å vere med på omvising. Nettbutikken vår sel bøker du elles berre kan få kjøpt i bokhandelen. Vi held til ved Sognsvann stasjon i Oslo.
Alle kan vende seg til Riksarkivet, anten ved personleg frammøte eller per brev, telefon, telefaks eller elektronisk post. Dei fleste tenestene er gratis. Vi vil gjere vårt beste for å hjelpe deg med å finne relevant informasjon frå arkiva.
Vi holder til ved Sognsvann stasjon.
