Riksarkivets 12 bidrag til Noregs dokumentarv er alle av stor historisk tyding, og fleire av dokumenta har vore med på å forme historia: dronning Margretes valbrev frå 1388 er unikt i den forstand at det er einaste gong ei kvinne oppnår ein slik posisjon i riket. Som kvinneleg monark er ho også noe nær eineståande i europeisk middelalder. Andre dokument på lista er førsteutkastet til Grunnloven i 1814, godkjenninga av det norske flagget i 1821 og dokumentet som er blitt kalla ”Kongens nei” der han nektar å utnemne Quisling til statsminister. Dette er det fremste dokumentet frå regjeringa som ga legitimitet til aktiv motstand mot tyskarane, og vart seinare brukt i rettssaka mot Quisling i 1945.
– Vi er veldig glade for at heile 12 av de 14 dokumenta Riksarkivet nominerte kom med på lista over Noregs dokumentarv, og det er også svært gledelig at så mange av statsarkiva rundt om i landet har fått sine dokument med, seier riksarkivar Ivar Fonnes. – Lista er med på å synleggjere vår rolle som arkivinstitusjon og det faktum at vi tar vare på viktige historiske dokument og arkiv. Vi håper at Noregs dokumentarv kan bidra til at både våre og andres arkiv blir meir kjent og meir brukt.
Ei komplett liste over alle Arkivverkets bidrag til Noregs dokumentarv ligg på våre nettsider: http://www.arkivverket.no/arkivverket/Bruk-av-arkiv/Nettutstillinger/Norges-dokumentarv
For meir informasjon, kontakt
:
Øyvind Ødegaard, avdelingsdirektør, e-post oyod@arkivverket.no
, tlf 22 02 26 12, mob 915 80 898
Om Noregs dokumentarv
Noreg har etablert eit nasjonalt Memory of the World-register for betre å kunne ta vare på og synleggjere unik og uerstatteleg dokumentarv. Det er i eigenskap av å vere sekretariat for det norske UNESCO-programmet at Norsk kulturråd inviterer institusjonar, organisasjonar og privatpersonar til å nominere dokument til det nye nasjonale registeret.
Det er den norske Memory of the World-komiteen, oppnemnt av UNESCO-kommisjonen, som står bak. Dei har invitert institusjonar, organisasjonar og privatpersonar til å nominere dokument til det nye nasjonale registeret. Norsk kulturråd er sekretariat for komiteen.
Les meir: http://www.norskkulturrad.no/2011/12/lansering-av-norges-dokumentarv/
