- Dette er svært gledeleg , seier riksarkivar Ivar Fonnes. - Ein kan neppe overvurdere kor viktig det er å ta vare på arkiva etter sentrale verksemder. Når historia om etterkrigstida skal skrivast vil dette arkivet vere ei viktig primærkjelde. Selvaag Gruppen viser med dette eit stort samfunnsansvar.
Arkivet er på over 400 hyllemeter og er eit prosjektbasert arkiv. Det inneheld teikningar, prosjektering og kommunikasjon med offentlege styresmakter. Arkivet før 1950 er fritt tilgjengeleg, mens resten av arkivet er klausulert. Søknad om innsyn skal rettast til arkiveigar, Selvaag Gruppen.
Riksarkivet har allereie motteke første del av arkivet. Teikningane til Ekeberghuset, Selvaagbyggs første hus, er ein del av denne avleveringa. Med Ekeberghuset viste Olav Selvaag at det var mulig å bygge billege bustader med tilfredsstillande standard til dei mange trengande etter okkupasjonen. Dette var starten på ein ny epoke i norsk bygningshistorie.
