Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her skriv ein om stort og smått frå arkiva. Artiklane er skrive av tilsette og lesesalsgjestar ved Statsarkivet.
I Bergensposten nr 3/2010 kan ein mellom anna lese om forliset til D/S Stanley utanfor Lemvig i Nord-Jylland i 1894. Berre ein vart berga. Me kan òg lese ein komplett attgjeving av Politianordninga frå 1710. Den 24. januar 2010 var det 300 år sidan Bergen fekk si første politianordning.
Ting eit gratis hefte frå nettbutikken, eller les Bergensposten på nett:
bp10c