Slektsforskarar over heile landet blir invitert til å adoptere ein eidsvollsmann og finne ut meir om etterkommarane hans. Resultatet skal bli ei heimeside med slektstre for de 112 representantane som møtte på Eidsvoll i 1814. Forskarane kjem til å nytta mange slags kjelder, særleg kyrkjebøker og folketeljingar, men det vil vere mogleg å leggje ut både bilete og anna stoff i tillegg.
Forventar stor pågang
– Slektsforsking er enormt populært i Noreg, og stadig fleire bruker mykje tid på denne voksande hobbyen. Å finne eidsvollsmennenes etterslekt vil derfor vere av stor interesse bland alle dei som er opptekne av slekt og historie, seier Mette Gunnari i DIS-Noreg. Foreininga vil vere ansvarleg for å dele ut representantar til potensielle adoptivforeldre.
– Her er det først til mølla-prinsippet som gjeld. Vi tar utgangspunkt i at ein kan vele sin eigen eidsvollsmann og forske på han, og håpar at alle 112 representantane vil bli adoptert. Det vil sjølvsagt vere mogleg for dei aller ivrigaste å forske på fleire, så sant det er ledige representantar. Noen har svært mange etterkommarar, og da er det mogleg å gå saman om arbeidet, seier Gunnari.
Informasjonen som kjem fram, vil etter kvart bli publisert på www.eidsvollsmenn.no .
Førebuing til jubileet i 2014
Forskinga på eidsvollsmenn og etterslekta deira er ein del av førebuingane til det store 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014. Arkivverket vil vere med på å gi jubileet ei klar historisk forankring i 1814 og dei hendingane som knytte seg til prosessen rundt grunnlovens fødsel og iverksetting, og her var eidsvollsmennene sjølvsagt sentrale.
– Noen av representantane var aktive og markerte seg sterkt og tydeleg i debattane, andre veit vi lite eller ingenting om. Vi håper slektsforsking utført av frivillige vil bringe fram ny kunnskap om eidsvollsmennene og etterslekta deira, seier Eli Fure, underdirektør i Riksarkivet. – Ein del etterkommarar veit vi om, fordi dei har markert seg i ettertid, men vi vil gjerne oppspore så mange som mogleg. I 1814 gjorde dei lange avstandane at Nord-Noreg ikkje vart representert på Eidsvoll. Men vi kan reikne med at dei som møtte i dag har etterkommarar over heile landet. Fram mot 2014 håper vi å få synleggjort også dette. Ved å forske på eidsvollsmennene og etterslekta deira, håper vi å kaste lys over samanhenger, tilfeldige samantreff og menneskeskjebnar i noregshistoria, seier Fure.
For meir informasjon, kontakt:
Mette Gunnari, DIS-Noreg, tlf 22 33 30 30, e-post mette.gunnari@disnorge.no
Eli Fure, Arkivverket, tlf 22 02 26 33, e-post eli.fure@arkivverket.no
Om DIS-Noreg
DIS-Noreg er landets største foreining for slektsforskarar, med over 9.500 medlemmer. DIS-Noreg vart stifta 12. januar 1990. Foreningas mål er å skape eit landsomfattande forum for slekts- og personhistorie der databehandling og Internett brukast som hjelpemiddel, spreie kunnskap om dette og elles stimulere til slektsforsking i Noreg. DIS-Noreg er tilslutta Noregs kulturvernforbund og studieforbundet Kultur og Tradisjon.
Om Arkivverket
Arkivverket oppbevarer omlag 240 000 hyllemeter med arkivmateriale. Aller eldst er fragmenter frå før år 1000, det nyaste arkivmaterialet er eit par månader gammalt. Her finst sentrale kjelder for så vel noregshistoria som for lokalhistorie. Vi har også materiale som kan dokumentere privatpersonars rett og interesser på ulike vis. Dei viktigaste oppgåvene til Arkivverket er å ta vare på arkivmateriale frå statlege verksemd, gjere materialet tilgjengeleg for bruk, føre tilsyn med arkivarbeidet i staten, fylkeskommunane og kommunane og ta initiativ til at private arkiv blir tekne vare på.
