Den 9. april 2010 vart 5.000 dokument frå andre verdskrigen tilgjengeleg på nett for første gong i Riksarkivets vårslepp. Den 1. desember blei folketeljinga som vart gjennomført i 1910 offentleg tilgjengeleg for første gang.

Brukarane våre var innom heile 92,6 millionar sider i løpet av året, og kvar av dei såg i snitt på nærare 40 sider. Dei fleste brukarane våre nytter seg av Digitalarkivets tilbod, kyrkjebøkene i Digitalarkivet sto for nærare 85 millionar sidevisningar og 1,8 millionar besøk.  I tillegg kjem dei som nytter databasene i digitalarkivet.no, dei er ikkje med i denne statistikken.

Tal på absolutt unike besøkande er naturlig nok lågare, 531 878. Det er likevel svært høge tal og viser at arkiv- og historieinteressa er levende i befolkninga.