Med 150 000 hyllemeter arkivmateriale er det nok å ta av når Riksarkivet og Statsarkivet i Oslo skal vise fram eksemplar på det dei tek vare på. ”Skattar frå arkivet” stiller ut dokumenter, kart og fotografiar som utmerker seg ved at dei speiler store historiske hendingar, representerer noe nytt og viktig eller fortel spesielle historier. 29. februar opnar den fjerde utstillinga i rekka.
– Utstillinga dekker eit vidt spekter, både tematisk og tidsmessig. Det eldste materialet er over tusen år gammalt, mens det nyaste er minnemateriale etter 22. juli, fortel Unni Løkkebø, prosjektleiar for utstillinga. – Tematisk spenner vi også bredt, frå syndige freistingar i Freia-arkivet og laboratorieprotokollar frå Tiedemanns tobakk, til rekneskap for avrettingar på 1600-tallet og ein landskapsteikning av Ibsen.
Bland dei framstilte dokumenta er også Mykles omstridde manuskript til ”Sangen om den røde rubin” med kommentarar frå forlaget. I det 350-sider lange manuset har Mykle gjort endringar med blå penn, forlagsdirektør Harald Grieg med rød fettstift og sjefskonsulent Sigurd Hoel med blyant. Dei har nesten ikkje endra noe i dei erotiske avsnitta, men desto meir i dei politiske. Konsekvensane er også stilt ut: beslagordren frå politiet til bokhandlarane om at bøkene skulle bli inndrege umiddelbart.
Publikum kan også sjå eit 800 år gammalt brev frå hertug Håkon Magnusson, seinare konge, med vårt første eksemplar av løveseglet, lese eksemplar på skulestilar om serbiske krigsfangar i Nord-Noreg sjå ei nydelig kolorert og forseggjort teikning av drakta til den øvste herren av Elefantridderordenen frå 1693 og studere vinnarbidraget i Narvesens arkitektkonkurranse.
Utstillinga er i Skattkammeret, som ligg i foajeen i Riksarkivbygninga. Den er open i lesesalens opningstider, og har gratis inngang. Nytt av året er at ein kan låne ein audioguide der ein kan høyre utfyllende informasjon om dei enkelte objekta. Utstillinga vil også leggjast ut på våre nettsider.
