Det digitaliserte materialet i årets vårslepp består av komplette vedtaks- og resolusjonsprotokollar frå alle dei fem norske regjeringane som verka i Noreg og England under krigen. For første gang kan alle som ynskjer det sitje heime i si eiga stove og bla igjennom regjeringsprotokollane frå krigsåra.
I årets vårslepp publiserer Riksarkivet over 15.000 dokumentsider frå krigsåra. Det er alle regjeringsprotokollane frå norske regjeringar under 2. verdskrigen som nå er digitaliserte og gjort tilgjengelege på Digitalarkivet: Quislings kuppregjering i aprildagane 1940, Administrasjonsrådet sommaren 1940, dei kommissariske statsrådane 1940-1942, Quislings andre NS-regjering 1942-1945 og Nygaardsvold-regjeringa i London 1940-1945. Her kan interesserte studere saker, vedtak og føresegner frå dei fem ulike regjeringane, mellom dei kong Haakons ”nei”, Quislings forbod mot aviser, framlegg om prins Harald som barnekonge, NS-regjeringa sin frustrasjon over tyskarane og Quislings påbod om berre eitt helseblad i Noreg.
– Fram til nå er det berre forskarar som har fått tilgjenge til desse regjeringsprotokollane, men sjølv blant faghistorikarar er det berre eit fåtal som har nytta høvet, seier Øyvind Ødegaard, avdelingsdirektør for Riksarkivets publikumsavdeling.
Nå når protokollane er blitt fritt tilgjengelege, også på Riksarkivets nettsider, kan alle bla i dei og sjå på både viktige og mindre viktige vedtak.
– Ein kan studere mange ulike emne og samanlikne vedtak frå regjeringane i Noreg med vedtak frå Nygaardsvold-regjeringa i London. Nytta dei same språk, hadde dei same arbeidsform og handsama dei same slag saker? Vi vonar at mange fagpersonar og historieinteresserte vil studere protokollane, seier Ødegaard.
Dette er andre gongen Riksarkivet har eit vårslepp med digitaliserte dokument. Planen er å publisere fleire tusen spennande dokument kvart år framover. Fram til 2014 vil det vere fokus på dokument frå andre verdskrigen i Noreg. Hensikta med Riksarkivets vårslepp er å få nyleg frigjevne dokument digitaliserte og gjort tilgjengelege på nett. Riksarkivet hadde sitt første vårslepp i 2010 og inspirasjonen er henta frå Storbritannia, Australia og USA der ”record releases” er store mediehendingar kvart år.
