Arkivet etter Statens verneheim Bastøy

Statens vernehjem Bastøy

Fra Statens verneheim Bastøy

Arkivet etter Statens verneheim Bastøy er på 56,3 hyllemeter, og dekker tidsrommet ca. 1895-1980. Det inneheld kopibøker, elevprotokollar, elevmapper, saker om elevar, personalsaker og ei mindre fotosamling som viser dagleglivet på Bastøy. Fleire av bilda er vist i Yngvar Ustvedts bok ”Djeveløya i Oslofjorden”, Cappelen år 2000.




Arkivet er ikkje ferdig ordna og det er ikkje utarbeidd nokon katalog over materialet. Arkivet inneheld personopplysningar underlagt teieplikt. Skoleheimane sto under Kyrkje- og undervisningsdepartementets tilsyn inntil dei blei overførde Sosialdepartementet 1.7.1953. Namnet Bastøy Skoleheim blei då endra til Foldin verneskole. Skolen blei nedlagt omkring 1970.

Daglegliv på Bastøy

Daglegliv på Bastøy



Rettsdokument

Etter opprøret på Bastøy blei fire av elevane stilt for retten. Saksdokument og dom i desse sakene finn ein høvesvis i Statsarkivet i Kongsberg og Statsarkivet i Oslo.