Dei viktigaste oppgåvene til Arkivverket
- Ta vare på arkivmateriale frå statlege verksemd
- Gjere materialet tilgjengeleg for bruk
- Føre tilsyn med arkivarbeidet i staten, fylkeskommunane og kommunane
- Ta initiativ til at private arkiv blir tekne vare på
Riksarkivaren sin styringsrett er heimla i arkivlova .
Arkivverket oppbevarer nærmare 240 000 hyllemeter (2009) med arkivmateriale. Det aller eldste er fragment frå før år 1000, det nyaste arkivmaterialet er eit par år gammalt. Her finn ein sentrale kjelder for Noregshistorie og for lokalhistorie. Vi har også materiale som på ulike vis kan dokumentere privatpersonar sine rettar og interesser. Riksarkivet og alle statsarkiva har lesesalar der folk kan bruke arkivsakene våre.
Ein del av dokumenta våre er nasjonale skattar i form av diplom tilbake til 1100-tallet, vakre kart og viktige dokument som er grunnleggjande for nyare historie. Arkivverket kan med rette kallast nasjonen sitt kollektive minne.
I 2004 var det hundre år sidan Arkivverket vart eigen etat.
I notid og framtid
Oppgåva vår er å sikre at arkivmaterialet blir handtert og oppbevart forsvarleg før det blir avlevert til oss. Deretter skal vi sikre at det blir forsvarleg oppbevart og handtert for framtida.
Kva blir oppbevart kvar?
Riksarkivet oppbevarer arkiva etter sentrale statlege styresmakter og andre landsomfattande embete og institusjonar. I tillegg oppbevarer Riksarkivet en rekkje private arkiv frå verksemder, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar.
Statsarkiva oppbevarer arkiv etter lokale og regionale statlege styresmakter og dessutan private arkiv frå verksemder, organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar. Det er statsarkiv i Hamar , Oslo , Kongsberg , Kristiansand , Stavanger , Bergen , Trondheim og Tromsø . Samisk arkiv tek vare på kjeldemateriale til Samisk historie og har tilhald i Kautokeino.
Digitalt arkivmateriale
I Arkivverket finn du også Digitalarkivet , som er Arkivverket sin kanal for å publisere digitalt arkivmateriale i bilde-, tekst- og databaseformat.
Eigne publikasjonar
Arkivmagasinet gjev informasjon om verksemda i Arkivverket, og om det store og mangfaldige arkivmaterialet vi forvaltar. Frå 1991 har kvart nummer konsentrert seg om eit hovudtema. I tillegg inneheld kvart nummer alltid aktualitetsstoff, omtale av nye katalogar og avleveringar, bøker og utstillingar. Du kan bestille Arkivmagasinet i Nettbutikken. Det er også muleg å laste ned alle utgåvene frå og med nummer 1/2006.
Bergensposten er ei årbok for Statsarkivet i Bergen. Årboka kom ut for første gang i 1998. Hovudformålet er å presentere stoff om institusjonen, og frå institusjonen sine samlingar. I tillegg til å vere trykt, er årboka lagt ut på Internettet. Du kan bestille Bergensposten i Nettbutikken. Det er også muleg å laste ned Bergensposten i pdf-format.
Nordisk Arkivnytt er eit felles meldingsblad for arkivverka i dei nordiske landa, dvs. Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Tidsskriftet kjem ordinært med fire utgåver pr. år. Tilsette i dei statlege arkivverka i dei fem landa får bladet gratis, medan andre interesserte kan teikne abonnement til kr 150 pr. år. Abonnement kan bestillast via nettsidene til magasinet.
