Byggeprosjektet ved Statsarkivet i Bergen

I august 2010 starta byggearbeidet ved Statsarkivet i Bergen. Arbeidet skal halde fram til utgangen av 2012.

Bygginga har to trinn.
Trinn 1 - ferdig hausten 2011:

  • rive konserveringsbygget
  • bygge underjordiske magasin for arkivsakar
  • bygge nytt konserveringsbygg

Trinn 2 - starta hausten 2011, ferdig hausten 2012:

  • bygge om i den gamle statsarkivbygninga
  • restaurere nokre områder i den gamle statsarkivbygninga

Sjå oppdateringar og bilete frå bygginga på Facebook-sida til byggeprosjektet

Følgjar for publikum

Statsarkivet i Bergen tek sikte på å halde lesesalen open i heile byggeperioden. Telefon og sakshandsaming skal vere i normal i drift.
I periodar vil det vere mykje støy.

Frå og med torsdag 1. november vil all drift vera attende i gamlebygninga. Alle som skal innom Statsarkivet må koma inn gjennom den nye hovudinngangen på sørsida av huset. Les meir om adkomst under adresse og opningstider

utsnitt fra nye lesesalen ved statsarkivet i bergen

Nye lesesalen ved Statsarkivet i Bergen. Foto: Anette S. Clausen