Bakgrunn

Folketeljinga i 1801 listar opp 883 487 menneske i Noreg. Ved den neste folketeljinga, i 1815, var folketalet 885 431. Folketalet hadde stått stille, og den mellomliggjande perioden var ein av dei mest dramatiske i det norske folks historie.

Napoleonskrigane fekk alvorlege følgjer for Noreg. Dei førde til blokade og forsyningskrise, samt fleire periodar med aktive krigshandlingar, kapertrafikk med store inntekter til nokon, og med mellom 5 og 6 000 norske sjøfolk i britiske prisonar og massearbeidsløyse. Og for første gang fekk folket ein kjensle av inflasjon, der vareknappleik førde til kraftig prisauke. Prisauken førde til at meir pengar vart produsert, med påfølgjande sviktande tillit til pengeverdet. Etter kort tid var resultatet hyperinflasjon og djup økonomisk krise. Det enda med ”statsbankerotten” i 1813. Forsyningssituasjonen blei etterkvart kritisk. Mange svalt, og enkelte stader kom det til opprør.

Aukande arbeidsløysa i byane førde til at dei tradisjonelle flyttevegane frå innlandsprestegjeld mot byane stoppa opp. Då desse ”sikringsventilane” var borte, vart eit akutt behov for nye løysingar skapt, og mange drog frå innlandsområda mot kysten, der næringstilgangen var betre.

Nasjonalt historisk befolkningsregister

Nasjonalt historisk befolkningsregister (HBR) vil dekkja perioden attende til år 1800 og knyta seg til det moderne befolkningsregistret som vart oppretta med utgangspunkt i folketeljinga frå 1960. Det historiske befolkningsregistret vil byggja på og kombinera ulike kjelder om folkesetnaden, kyrkjebøker og folketeljingar, i ein felles database. Noregs historiske befolkningsregister tek sikte på å bli eit nasjonalt, historisk og såkalla longitudinelt register for dei siste par hundreåra

Invitasjon til dugnad

Me inviterer interesserte til å bli med på ein dugnad der me tek sikte på å få registrert alle vigde, døypte og gravlagde  i dei norske kyrkjebøkene i perioden frå folketeljinga 1801 til og med 1814. Ei registrering av alle vigslar, dåpshendingar og gravleggingar i dei norske kyrkjebøkene i denne perioden vil gje oss høve til å følgje dramatikken på personnivå. Totalt vil det vera snakk om vel 100 000 vigslar, 400 000 døypte og nesten 300 000 dødsfall, men mykje er allereie på plass, slik at det står att å registrere i underkant av 600 000 postar .

Me har laga ei liste over kva som er under arbeid eller er ferdig. Lista vert oppdatert etterkvart som nye basar kjem på plass. Det er òg mogeleg å melde si interesse for å ta del i arbeidet, og be om å få seg tildelt eigen ”teig”. Sjå

Status 1814-registrering (pdf)

Databasar og påmelding til dugnaden kan sendast til Statsarkivet i Bergen: 1814-prosjektet@arkivverket.no

Side 125b fra ministerialbok A1 for St. Jørgen i Bergen

Trulova og vigde i 1802 i kyrkjeboka frå St. Jørgen i Bergen