Arkivbeskriving
For at det skal vere mogeleg å finne fram til eit arkiv eller informasjon innafor arkivet, er ein avhengig av at det blir laga register, katalogar og andre hjelpemiddel. Arkivbeskriving er eit felles ord for den informasjonen som registrerast om innhaldet i eit arkiv. Med ei god og fyldig arkivbeskriving blir det langt enklare å identifisere og bruke arkiva.
Oppbevaring
Arkivmateriale må oppbevarast under forhold som seinkar nedbrytinga så mykje som mogeleg. Temperatur og relativ fukt er to viktige faktorar. Det er òg viktig å tenkje på korleis vi pakkar inn arkivmaterialet.
Digitalisering
Digitaliseringsverksemda i Arkivverket omfattar transkribering og skanning. Ein del kjelder blir både transkribert og skanna. Dei digitaliserte kjeldene publiserer vi i Digitalarkivet. Arkivverket har eit mål om å digitalisere ti prosent av samlingane innan 2030. Det vil seie om lag 25 000 hyllemeter.
