Riksarkivets logo

Prosessen mot ei ny lov i Noreg

Det var Magnus Lagaboter sin Landslov fra 1274 som lag til grunn for utarbeidinga av Christian IVs nye lovbok i 1604. Denne utgava av Landslova er fra om lag 1590.
NRA, Manuskriptsamlinga, quarto 60
Det var Magnus Lagabøter sin Landslov frå 1274 som låg til grunn for utarbeidinga av Christian IVs nye lovbok i 1604. Denne utgåva av Landslova er frå om lag 1590. NRA, Manuskriptsamlinga, quarto 60

Då kong Magnus Lagabøter si Landslov kom i 1274, var ho blant dei aller første nasjonale lovverka i Europa. Landslova vart bygd på dei gamle lagtingslovane (Gulatingslova, Frostatingslova, Eidsivatingslova og Borgartingslova) og ho er rekna for å vera eit framifrå rettsleg arbeid. I 1276 vart regelverket utvida med ei eiga Bylov. I hovudsak vart berre lovreglar om næring- og kjøpstadforhold endra dei neste hundreåra.

Unionstida (1387-1537) fekk ikkje så stor verknad på dei skriftlege rettsreglane våre. Likevel vann dansk rett innpass i landet med embetsmennene som tok over styret og dei eldste lovane vart gløymde. Lovtekstane vart mangelfulle og ikkje i samsvar med forfatninga. I tillegg skjøna ikkje dei danske embetsmennene kva som sto i Landslova. Då Christian vart hylla i Oslo i 1591 vart kongen sjølv merksam på forvirringa, og i 1592 sende han ut eit reskript med oppmoding til lagmennene om å møtast for å rette opp og forklare dei gamle lovbøkene slik at lova kunne verta trykt. Målet var at alle skulle kunne vita kva for lover ein hadde å retta seg etter og kunne søkje rett og dom i sakene sine.

I 1602 vitja kong Christian IV Noreg, mellom anna for å inspisera festningsarbeida på Akershus. Revideringssaka vart no teken opp att. Statthaldaren Jørgen Friis til Kastrup, kanslaren Hans Pederssøn Basse og adelsmannen Anders Green fekk oppgåva saman med ei gruppe lagmenn. Dei innskrenka ikkje arbeidet berre til å sjå gjennom, rette opp og omsetje Landslova, men kom òg med forslag til endringar. Kongen, regjeringa og rådgjevarane i Danmark gjekk gjennom utkastet, og i april 1604 sende dei lovboka attende til Noreg med befaling til lagmennene, lensmennene og biskopane om å sjå nøye gjennom alle rettsreglane slik at lovboka utan fare kunne gå i trykken. På herredagen i Bergen i juli 1604 vart lovboka gjeven attende til kongen. Han fekk då siste ordet i arbeidet med revisjonen.

Saman med eit kongeleg sirkulære datert 4. juni 1605 vart lovboka sendt til dei tolv lagdøma i Noreg i trykt utgåve. Originalutgåva vart trykt hos Henrich Waldkirch i København.

Neste: Resultatet av arbeidet med lova
Tilbake til denne månedens dokument
Neste måned: Fredrik IVs norgesreise 1704