Christian IVs Norske Lovbog 1604
Christian IVs Norske Lovbog frå 1604 var gjeldande rett i Noreg i 80 år. Lovboka var ei umiddelbar kjelde til ei mengd artiklar i Christian Vs Norske Lovbog frå 1687 og ho gjev kunnskap om den eldre lovgjevinga her i landet. Lovboka ligg til grunn for viktig arkivmateriale, mellom anna tingbøkene.
Målet med Christian IV si lovbok var å omsetje den gamle Landslova og dei nyare retterbøtene til moderne dansk. Ugyldige rettsreglar skulle bort og endringar rettast. Noko ny lovendring eller omkodifisering var det ikkje snakk om. Danmark mangla ein yrkesutdanna juriststand og grunnlaget for rettsutviklinga i Noreg vart difor Landslova, supplert med spreidd lovgjeving og ein sedvanerett som spegla domstolane sin praksis.
Neste: Prosessen
mot ei ny lov i Noreg
Tilbake til denne månedens
dokument
Neste måned:
Fredrik IVs norgesreise 1704
