Riksarkivets logo

Resultatet av arbeidet med lova

Kobberstikk av Bergen. Stikket er laga av Hieronymus Scholeus etter ei rekke skisser han teikna i 1581. AA er Erkebispegarden og BB Den rosenkrantzke mur ogsa kalla Muren. Bergen museum.
Kobberstikk av Bergen. Stikket er laga av Hieronymus Scholeus etter ei rekke skisser han teikna i 1581. AA er Erkebispegarden og BB Den rosenkrantzke mur også kalla Muren. Bergen museum.

Resultatet av arbeidet var i beste høve måteleg. Som ei omsetjing av Magnus Lagabøter si Landslov vrimlar Christian IVs Norske Lovbog av feil. Endringane som kom med, var i det store og heile uvesentlege. Manglande forståing av endringar over tid innanfor dei rettslege institusjonane gjorde at rettsreglane vart forvanska og tilfeldige. Eksempel er den gamle leidangsbolken, viglysings materialet og heile prosessystemet i den gamle lova. Bøtesystemet er på same måte tatt opp att og forvanska slik at den fornærma parten sin rett vert forveksla med skadeerstatninga. Men det er ikkje sikkert at forvanskingane i lovteksten vart noko meir enn antikvariske setningar på papiret. Det gjaldt i alle høve leidangsbolken og prosesslovgjevinga.

Og nett som Landslova, visar Christian IVs Norske Lovbog døme på ei annleis lovgjeving i Noreg enn i mange andre land i Europa. Det gjeld særleg der kvinner er nemnde. Odelsbolken gjev kvinner rett til å arve odelsjord og lova tek opp att retterbøtene frå 1280 og 1313, der ho seier at ingen mann har rett til å selje jorda til kona si utan hennar samtykke. Arvebolken seier at han heller ikkje kan misbruke særeiget hennar. Kvinner og menn er jamstelde når det gjeld å rå over ekteskapet til døtrene sine. Engelsk og kontinental rett på denne tida gir ikkje kvinner dei same rettane.

Trass i manglane vart utgjevinga av Christian IVs Norske Lovbog likevel ei vinning for rettstilhøva. Mange dommarar eigde ikkje eigne lovbøker, og dei som hadde ei, forsto ikkje språket ho var skriven på. Den praktiske handhevinga av lov og rett vart difor mykje enklare no.

Prosjekt for nettbaserte hovedfagsstudier (PNH) har lagt ut Christian IVs Norske Lovbog digitalt: http://www.hf.uio.no/PNH/chr4web/chr4home.html

Tilbake til denne månedens dokument
Neste måned: Fredrik IVs norgesreise 1704