Hold down the Ctrl-key. Press + to enlarge or - to shrink. MAC users should hold the cmd-key down instead of the Ctrl-key

Sjømannsmisjonen – ein møteplass i utlandet

Sjømannsmisjonen har vore ein viktig møteplass for nordmenn i utlandet i 150 år. For mange norske sjømenn i utanriksfart var sjømannskyrkjene kjend som ”eit lite stykke Noreg”.

illustrasjon av arkivet etter sjømannsmisjonen

Litt av arkiva etter Den norske sjømannsmisjonen slik dei står i magasina til Statsarkivet i Bergen.

I 150 år har sjømannsmisjonen, no kjend som Sjømannskyrkja, vore ein viktig møteplass for nordmenn i utlandet, både for fast busette og for folk på reise. I sjømannskyrkjene møtte dei andre nordmenn, og dei fekk høre siste nytt frå heimlandet. Sjømannskyrkja var óg ein plass ein gjekk for å delta i gudstenester og andre kyrkjelege handlingar. For mange norske sjømenn i utanriksfart var sjømannskyrkjene kjend som ”eit lite stykke Noreg”.

Sjømannsmisjonen vart grunnlagd i Bergen 31. august 1864 under namnet ”Foreningen til Evangeliets Forkyndelse for Skandinaviske Sømænd i fremmede Havne”. Som namnet tilseier var foreininga til å byrja med eit tilbod til norske sjømenn på reise, men etterkvart som det har vore færre og færre norske sjømenn, har sjømannskyrkjene blitt drivne med tanke på fastbuande nordmenn. Det kyrkjelege er heller ikkje like viktig som det var, og det sosiale og kulturelle er no vel so viktig for arbeidet til Sjømannskyrkja.

Sjømannskyrkja er ein frivillig organisasjon tilknytt Den norske Kyrkja. Med mottoet ”å følgje den norske flåten” har Sjømannsmisjonen til ei kvar tid vore representert i ca. 20 til 30 hamner samstundes. I dag held organisasjonen hus i 31 byar rundt om i heile verda; frå Stockholm til Sydney, frå Rio de Janeiro til Pattaya i Thailand.

 I 1999 byrja Sjømannskyrkja å drive kyrkje på internett, med eigen nettprest. I 2003 bytta organisasjonen namn frå Den norske sjømannsmisjonen/Norsk Kirke i utlandet til ”Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet”.

Statsarkivet i Bergen har mottatt 71 hyllemeter med arkiv frå Sjømannsmisjonen. Arkivet består mellom anna av korrespondanse, visitasprotokollar, kyrkjebøker og eigne publikasjonar. Les meir om arkivet .

I arkiva frå Sjømannsmisjonen finn ein mellom anna adressebøker for vidaresending av brev. Statsarkivet har skanna tre av bøkene frå kyrkja i Bueno Aires, Argentina. Les meir om bøkene .

 

 




.