Hold down the Ctrl-key. Press + to enlarge or - to shrink. MAC users should hold the cmd-key down instead of the Ctrl-key

For 250 år sidan – 23. september 1762 – vart det bestemt at det norske folket måtte betale ein ny skatt.

Manntala som da vart utarbeidde, har vore ei gullgruve for slektsforskarane. Desse listene er nå skanna, og du finn dei på nettet. 

Ekstraskatten 1762 var ein skatt som alle over 12 år måtte betale. Det vart derfor teke opp lokale manntal over heile landet. I landdistrikta inneheld desse vanlegvis namn på alle i huslyden, både på menn, kvinner, barn over 12 år og jamvel på tenestefolk. I byane var det mest vanleg at berre namnet til hovudpersonen i familien vart nemnt.

Forsida til manntal for Idd og Marker, 1762

”Hoved Mandtall Over De af Mand- og QvindeKiøn, hvilke have opnaaet Deres 12te Aar Udi Ide og Marckers Fogderie …”. (Rentekammeret, Fogderegnskap, eske 97, EA-4092/R01/L0097)




.