Kulturminister Huitfeldts  svar  i Stortinget til spørsmål fra Stortingsrepresentant Gundersen (H) om lokale utbyggere for Norsk helsearkiv 21. juni 2012 Den 4. juli 2012 åpnet Statsbygg anbudskonkurransen for bygging av Norsk helsearkiv og Sentraldepotet på Tynset. Frist for innlevering av anbud er 28. august 2012.

Stortinget har vedteke lovendringar som gir heimlar for verksemda i Norsk helsearkiv. Endringslova har overskrifta Lov om endringar i helseregisterlova mv . (etablering av Norsk helsearkiv m.m.)  Dato og nummer er lov 22. juni 2012 nr. 47 .

Siste avsnitt i endringslova lyder ”Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setja i verk ulike føresegner til ulik tid”. I statsråd same dag blei det fastsett at heile endringslova trer i kraft straks .

Eit viktig element i lovendringane er at dei heimlar nærmare reglar i forskrift. Helse- og omsorgsdepartementet skal, saman med Kulturdepartementet, utarbeide ei forskrift for Norsk helsearkiv. Norsk helsearkiv deltek i dette arbeidet. Utkast til forskrift vil bli sendt på høyring før reglane blir vedteke

Innhaldet i lovendringane er, i korte trekk:

Arkivlova § 4  nemnar kva verksemder som utgjer det statlege Arkivverket. Etter lovendringa er og Norsk helsearkiv nemnt.

Spesialisthelsetenestelova har fått ein ny § 3-2a , som utvidar og presiserar plikta til å avlevere pasientjournalarkiv. For det fyrste får private verksemder i spesialisthelsetenesta ei plikt til å avlevere pasientjournalarkiv , på lik line med offentlege verksemder, men dei private skal ikkje avlevere sakarkiv . Dernest slår den nye paragrafen i spesialisthelsetenestelova fast at både offentlege og private verksemder skal avlevere sine pasientjournalarkiv til Norsk helsearkiv.

I helseregisterlova er det vedteke fleire endringar.

Helseregisterlova § 3  gjer det klart at helseregisterlova skal gjelde for helsearkivregisteret i Norsk helsearkiv.

Ein ny § 8a  i helseregisterlova gir heimel for å etablere Helsearkivregisteret. Sentrale element i denne heimelen er at ansvaret er plassert hos Riksarkivaren, registeret kan vere personidentifiserbart, og opplysningane kan handsamast utan samtykje frå dei registrerte.

I helseregisterlova §§ 5, 9, 12 og 27, som alle viser til ulike paragrafar som heimlar konkrete helseregister, er det føydd til ein referanse til den nye § 8a. Det inneber helsearkivregisteret i Norsk helsearkiv er omfatta av mellom anna fritak frå konsesjonsplikt, heimel til å samla inn opplysningar frå ulike hald og til å samanstille opplysningar etter nærmare føresegner, og generelle unntak frå plikta til å slette opplysningar når dei ikkje lenger er naudsynte for det opphavlege formålet.

Den siste endringa er ei ny § 62a  i helsepersonellova. Det er ein særskilt heimel for Helsetilsynet til å påleggje helsepersonell å levere inn sitt pasientjournalarkiv til Fylkesmannen eller til Norsk helsearkiv i samband med tilbakekall eller suspensjon av deira autorisasjon som helsepersonell. For Norsk helsearkiv er dette ei oppgåve som på fleire vis skil seg frå oppgåva med å vere eit varig depot for avlevert materiale frå spesialisthelsetenesta. For det første vil pålegg om å levere inn pasientjournalarkiv kunne omfatte både primær- og spesialisthelseteneste. For det andre er ei slik innlevering i mange tilhøve ein mellombels oppbevaring. Den vidare handsaminga etter at eit arkiv er levert inn kan til dømes vere at andre skal drive arkivet vidare, eller tilbakelevering etter at suspensjon er opphøyrt.