29. august 1755 vart forordninga om "Betleres Affskaffelse og de Fattiges Underholdning i Bergen Bye og Stift  " vedteke for Bergen stift. Med denne fattigforordninga fekk stiftet for første gong eit offentleg fattigvesen med klart definerte aktørar og rammer. Ein fekk eit lovverk som slo fast kven som hadde rett på stønad, kva for stønad dei kunne få, og ein fekk også fordelt ansvaret for dei fattige mellom private og det offentlege.

Før 1755 er det få kjelder som finst av opplysningar om dei fattige. Ein finn rekneskap og lister over fattighusinnsette i arkivet til Stiftamtmannen i Bergen. Medan i prestearkiva kan ein finne bevart ein del lister over legder, over innsamla pengar og lister over fattige.

Overkommisjonen og fattigkommisjonar

I perioden 1755-1814 er arkivet til overkommisjonen ei viktig kjelde. Med stiftsforordninga fekk ein lokale fattigkommisjonar i prestegjelda, og ein overkommisjon som skulle føra kontroll med dei lokale kommisjonane. Arkivet til overkommisjonen inneheld for det meste materiale som er sendt inn frå dei lokale kommisjonane. Mesteparten av dette materialet er innsende rekneskap som finst for store delar av stiftet i perioden frå 1756-1798.

Overkommisjonen fungerte også som lokal fattigkommisjon for Bergen by . Her vil utdelingsbøkene og almisseprotokollane gi best opplysningar om kvar einskild fattig i denne perioden.

Dei aller fleste stadene førte soknekommisjonen berre ein einaste protokoll, ofte kalla fattigprotokoll. Fattigprotokollane inneheld ofte opplysningar om mellom anna legdsinndelinga, utlikning av fattigskatt, lister over dei fattige, kopiar av både inn- og utgåande brev og rekneskap for fattigvesenet. I tillegg til desse kjeldene, finn ein protokollar frå fattiginstitusjonane over innsette.

Kjelder på 1800-talet

Utover 1800-talet kom påbod om arkivhald og protokollføring. Dermed finn ein manntalsprotokollar for Bergen attende til 1846, medan dei frå landsbygda vert vanlege etter 1863. Desse protokollane var lister over alle dei personane som mottok ein eller annan form for stønad frå fattigvesenet. Ein annan viktig kjelde til opplysningar om fattige er heimstavnsforhøyr

Heimstavnsrett er eit omgrep som har vore sentralt i fattigpleia langt attende i tid. Veldig enkelt kan det definerast som det fattigdistriktet der ein i naudstilfelle hadde krav på fattigstønad, men reglane for kor lenge ein måtte bu på ein stad før ein fekk heimstavnsrett har variert frå to til tre år.

I dei tilfella der var tvil om kvar ein person hadde heimstavn, skulle det takast forhøyr av vedkomande for å avgjera dette spørsmålet. Til vanleg inneheld heimstavnsforhøyra opplysningar om kvar og når vedkomande var fødd, kven foreldra var, om eventuell ektefelle og born, kvar vedkomande hadde budd og om alle stader han eller ho hadde arbeidd. Etter 1900 er desse forhøyra i kommunearkiva, men før den tid finn ein dei i korrespondansen til fattigvesenet, samt i arkivet til Politimesteren i Bergen (perioden 1854-1883).

(Tekst henta frå nettutstilling om fattigvesenet i Bergen)