Nettutstillingar
Statsarkivet i Bergen lagar jamnleg utstillingar for
internett. Utstillingane varierer i storleik og omfang, men dei
presenterer alle ein bit av historia og kjeldene i arkiva.
Større utstillingar:
- I full fart - Samferdsel i Hordaland og Sogn og Fjordane dei siste 250 åra. Tema for Arkivenes dag 2004 var "Transport og kommunikasjon" og denne utstillinga er vår markering av dagen. Her finn ein mykje informasjon om transportvegar og - midlar henta frå arkiva våre.
- Stiftelsenes Allé - Nettutstilling som er laga i samband med 400-årsjubileet for det offentlege helsevesen i Norge. Utstillinga er ei tenkt byvandring i nokre dei mange stiftingane i Bergen i 1769.
- Innvandring 1600-2000 - Gjennom bergenske briller og bergenske kilder. I 2002 var tema for arkivdagen innvandring og denne utstillinga er laga i samband med denne dagen. Med denne utstillinga vil me visa at dagens innvandring ikkje er særlig omfattande, og på mange måter heller ikkje særlig ulik, den tradisjonelle innvandringa.
- Lepraarkiv - Lepraarkiva i Bergen er kommen inn på UNESCO si liste Memory of the World (28/06/2001), og i samband med dette har vi lagt ut på internett katalogar, dokument, bilete og forskingsmateriale som gjeld desse arkiva.
- Boliger i Bergen - Den internasjonale arkivdagen 10. november 2001 vart markert i Noreg under temaet "Slik bodde vi". Statsarkivet i Bergen har lagd ein nettutstilling med arkivmateriale knytta til busetnader og busetnadstilhøve i Bergen gjennom 300 år.
- Norsk utvandring til USA 175 år, 1825-2000 - I samband med 175-årsjubileet for norsk utvandring laga Statsarkivet i Bergen i samarbeid med Digitalarkivet denne utstillinga som tar føre seg bakgrunnen for emigrasjonen, overfarten mellom Noreg og USA og det nye livet som venta dei som utvandra.
Mindre utstillingar:
- Liv og helse i Norge gjennom 400 år - Temaet for Arkivenes dag 2003 var helse, grunna det offentlege helsevesen i Noreg som hadde 400-års jubileum dette året. Statsarkivet i Bergen laga ei lita framsyning av kjelder og publikasjonar som allereie låg ute på nett og nypubliserte ein del andre kjelder, alle knytta til temaet helse.
- 125 år siden siste offentlige henrettelse i Bergen - Tinghuset i Bergen hadde åpent hus 3. november 2001 og Statsarkivet i Bergen deltok i utstillinga dei hadde der. Arrangementet markerte at det var 125 år sidan siste offentlege henrettinga i Bergen. Samstundes markerte vi dagen med ein nettutstilling.
- Bybrannen i Bergen 19. mai 1702 - Utstillinga markerer at det er 300 år sidan Bergen opplevde ein av dei verste brannane i byens historie. Her finne ein skildringar, brev, og anna materiale som vitnar om brannens øydeleggingar.
- Bilder av Hans Lillienskiold - Hans Lillienskiold (1650-1703) malte ei rekkje bilete mellom anna av natur og fauna og folkeliv. Denne utstillinga presenterer ei rekkje av Lillienskiold sine bilete samt ein kort artikkel om Lillenskiold.
- "Litt om Bergensk brød" - Statsarkivet i Bergen har i samarbeid med Bjørn Davidsen laga denne nettutgåva av Gerhard Stoltz sin artikkeln. Artikkelen vart først publisert i 1916.
- Audun Hugleiksson - Denne nettustillinga vart laga i samband med at det 1. søndag i advent 2002 var 700 år sidan baronen, fehirden og stallaren Audun Hugleiksson vart avretta på Nordnes i Bergen.
- Gustav Dorés biletbibel - Web-framsyning av Gustav Doré sine illustrasjonar til bibelen.
- Bergen katedralskole 850 år
- Arkivverket 100 år
- Markering: 60 år sidan senkinga av flytedokken på Laksevåg 11. september 2004.
- Markering: 60 år sidan bombinga av Laksevåg.
- Markering: 250 år sidan etableringa av Det Norske Kontor på Bryggen
- Markering: 100 år sidan flodbølgjeulukka i Loen, Nordfjord
- Markering: Frigjeringa 8. mai i Bergen 1945
- Markering: 7. juni 2005 er det 100 år sidan unionen mellom Noreg og Sverige vart oppløyst.
Kjeldeframsyningar:
- Det digitale Rosendalarkivet - Museet Baroniet Rosendal og Statsarkivet i Bergen har samarbeidd (17/11/2000) om å digitalisere delar av Rosendalsarkivet, og materiale frå andre arkiv som gjeld eigedom eller personar knytt til Rosendal. Ein finn både bilete og databasar i denne framsyninga.
- Arveskifteboken fra Strandvik 1600-1602 - Boka er henta frå Dokumentsamlinga til Statsarkivet i Bergen, og ho presenterast her med digitale bilete, transkripsjon og dokumentasjon.
- Gjest Baardsen - I samanhang med innsamlinga av stoff til Erling Gjelsviks biografi om Gjest Baardsen, Jakten på Gjest Baardsen, har vi vore implisert i å hente fram kjelder og kjeldeavskrifter, og vi presenterer ein del av dette stoffet på internett.
- Sjøormberetninger - Ein kuriositet henta frå arkivet til byfogd og byskriver i Bergen. Biskop Pontoppidan samla vitneprova om sjøormer i Noreg, og her kan ein lese eit av dei sterkaste beretningane.
Sist oppdatert 2005-06-06.
Statsarkivet i Bergen, Ĺrstadveien 22, 5009 Bergen, Tlf: 55 96 58 00,
E-post: statsarkivet.bergen@arkivverket.no

