Statsarkivet i Bergen Statsarkivet i Bergen

Utskriftsversjon

Kjelder

På desse sidene vil det med verte lagt ut små smakebitar frå dei mange arkiva i form av avskrifter av dokument o.l. Databasar (kyrkjebøker, folketeljingar, militære manntal, skattelister, emigrantar, skifteregister etc.) finst under Digitalarkivet.

Me gjer merksame på at ikkje alt som var på dei gamle sidene er komen med på desse sidene enno. Noko av materialet finst førebels berre på dei gamle sidene. Du kan og finne smakebitar frå arkiva i nettutstillingane.

Det er eit mål for alle arkiv å ha gode og oppdaterte katalogar med oversyn over alt materiale som finst i dei ulike arkiva. I tillegg til arkivkatalogane som finst i hyllene på lesesalen på Statsarkivet, er det også utarbeidd ein oversiktskatalog som er tilgjengeleg på web. Me gjer merksame på at denne katalogen ikkje er komplett og ikkje alle katalogane er oppdaterte. Mange av arkiva på Statsarkiva i Bergen er registrerte i Felleskatalogen for Arkivverket, men berre dei fleste berre på arkivnivå.

Sist oppdatert 2006-01-04.
Statsarkivet i Bergen, Ĺrstadveien 22, 5009 Bergen, Tlf: 55 96 58 00,
E-post: statsarkivet.bergen@arkivverket.no