Arkivverkets logo og link til Arkivverkets hovedside foto av et arkivmagasin og link til Arkivverkets hovedside

Utskriftsversjon

BEST

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomfører i perioden 1.7.2006 – 31.12.2007 Høykom-prosjektet BEST, Betre elektronisk samhandling og tenester (prosjekt 176513 Forskningsrådet). Eit av dei tre delprosjekta i BEST handlar om sikker elektronisk samhandling og meldingsutveksling mellom Noark arkivsystem.

Prosjektet dekkjer målsetjingane om elektronisk samhandling i planane til regjeringa og Kommunenes Sentralforbund, jf. eNorge 2009 og eKommune 2009. Punkt 3.i eNorge-planen seier at elektronisk dokumentutveksling mellom forvaltningsorgan, fullelektronisk arkiv, eID og eSignatur skal vere tilgjengeleg for offentlege verksemder i 2009. Prosjektet sitt overordna mål er å gjere forvaltninga meir effektiv, og gje brukarane betre tenester. Vi skal gjere erfaringar med praktisk bruk av PKI verksemdsertifikat.

Prosjektet ynskjer å bidra til utvikling av nasjonale standarar og tekniske løysingar for ei sikker og effektiv meldingsformidling og samhandling. Vi vidareutviklar og gjenbruker mellom anna løysingar for elektronisk samhandling i helse- og sosialsektoren. Løysinga byggjer på opne standardar (ebXML), og tilsvarande løysingar for kommunikasjon i helsesektoren (KITH). Vi samarbeidar med dei fire store sak/arkivleverandørane i Noreg, og tre leiande firma innan systemintegrasjon i helsesektoren. Riksarkivet har deltek i prosjektet. På den måten sikrar ein at løysingane fungerer mellom dagens Noark-4 system og framtidige arkivsystem basert på Noark-5.

Leverandørane utviklar produktet, og prosjektet skal i 3.kvartal 2007 prøve ut elektronisk meldingsutveksling mellom Noark arkivsystem på tvers av dei tre forvaltningsnivåa i Noreg. Løysinga er venta klar til bruk i 4.kvartal 2007. Den tek høgde for utveksling av informasjon med personopplysningar og anna sensitiv informasjon og den er svært enkel å bruke.
 
Med bakgrunn i lovverk, forskrifter og våre eigne krav, har BEST-prosjektet utarbeidd ein spesifikasjon for teknisk og operasjonalisert grensesnitt. Ulike offentlege verksemder kan no utveksle meldingar (alle typar informasjon, ikkje berre dokument) uavhengig av systema til kvarandre. Dette vert gjort gjennom eit definert grensesnitt mot kommunikasjonsløysingane. Løysinga stettar etter det vi kan sjå alle krav i arkivlova og forvaltningslova.

Sist oppdatert 2007-06-27.
Riksarkivaren, Pb 4013 Ullevĺl Stadion, 0806 Oslo, Tlf: 22 02 26 00,
E-post: riksarkivet@arkivverket.no.