Arkivverkets logo og link til Arkivverkets hovedside foto av et arkivmagasin og link til Arkivverkets hovedside

Utskriftsversjon

Norge i 1743

Fembandsverket Norge i 1743 er fullført. Band 5 i serien kom ut no før jul. - For lokalhistorikarar og andre interesserte er dette ei skattkiste som endeleg er tilgjengeleg i bokform, seier assisterande direktør Knut Johannessen.
Våren 1743 sette styresmaktene i København i gong ei omfattande spørreundersøking. Embetsmenn i Danmark, Norge, Færøyane og på Island skulle svare på 43 spørsmål om daglegliv, levemåte, språk og ressursgrunnlag i sine eigne distrikt. I bokverket Norge i 1743 har Riksarkivet publisert alle kjende svar frå Noreg. Band fem er siste publikasjonen i dette bokverket og omfattar fylka Møre og Romsdal, Sør- og Nord-Trøndelag, Nordland og Troms.

Spørreundersøkinga skildrar alt frå mat og klede, helse og butilhøve til natur og arbeidsliv. Ho nemner til dømes kva for urter det var vanleg å bruke som medisin i distriktet, kva slag namn borna fekk, lokale språkvendingar og ulike karaktertrekk hjå folk som budde i området. Spørreundersøkinga gir eit sjeldant godt inntrykk av korleis folk levde på 1700-talet.

Dette er femte bandet i serien, og no er alle svara vi kjenner frå Noreg offentleggjort. Det originale 1700-talsmaterialet er tilført fyldige tekstkommentarar og registre som gjer det enkelt å finnne fram. Riksarkivet og Solum forlag har samarbeidd om bokserien. Gerd Mordt er utgjevar av dette femte bandet.

Boka er til sals i bokhandelen. Prisen er kr. 440,-.

Sist oppdatert 2008-12-12.
Riksarkivaren, Pb 4013 Ullevĺl Stadion, 0806 Oslo, Tlf: 22 02 26 00,
E-post: riksarkivet@arkivverket.no.