Rekneskapane høyrer med i desse arkivseriane:

  • Landkommissariatet på Akershus/Akershus stiftamt
  • Bergen stiftamt
  • Trondheim stiftamt og Nordland amt

Arkivportalen har oversyn over arkiva etter stiftamta.

Stiftamtstuene var rekneskapskontor som ofte dekka fleire av dei tidlegare lena. I stiftamtstuene blei det sett opp rekneskapar på stiftsnivå basert på lokale skattelister, jordebøker og rekneskapar som var innsende frå futane. Hovudtyngda av stiftamtstuene sine rekneskapar består av materialet frå futane.

Serien med stiftamtstuerekneskapar stoppar mot slutten av 1600-talet fordi futane då sende dei lokale rekneskapane sine direkte til Rentekammeret. Der blei dei ordna i ein eigen arkivserie. Tida for overgang frå stiftamtstuerekneskap til futerekneskap varierer frå område til område. Det er laga ein oversikt for perioden 1660-1690 som viser kvar ein kan finne rekneskapane frå dei tidlegare lena.

Du kan lese meir om stiftamtstuene og dei skattane bøndene måtte betale i forordet til Riksarkivet sin katalog over stiftamtstuerekneskapane.

Tingsvitne om brann på Mannsåker og Vassvik i Hardanger fra 1677

Dette tingsvitnet ligger som vedlegg til en skatteliste for Hardanger fra 1677. Det gjelder Ola og Svein Mannsåker og Nils og Jon Vassvik i Odda som var stevnet inn for tinget fordi de ikke hadde betalt leilendingsskatt. Både folkene fra Mannsåker og fra Vassvik kunne føre vitner på at deres hus og eiendeler var gått tapt i brann, og at de derfor ikke hadde noe å betale skatten med. De ba om at det skulle bli tatt opp et tingsvitne om dette, og at de skulle bli forskånet for årets skatt. Det ble de, og tingsvitnet ble sendt Rentekammeret som vedlegg til skattelisten. (Rentekammeret, Stiftamtstueregnskaper, Bergen stiftamt 48.3, EA-6043/Rc/L0048/0003/0001)